På Kulturskulens dag er det alltid konsert, og 30. mai 2026 var ikkje noko unntak. I år var det lagt særleg vekt på samspel. Og det var ikkje berre elevar i kulturskulen som fekk delta frå scena i parken i Sogndal denne dagen. Elevane på alle barneskulane i Sogndal og Luster kommunar var inviterte til å bli med i eit storkor. Artistane Olav Stedje og Einar Bolstad stilte som solistar saman med koret.

Alle som bidrog på scena, fekk t-skjorte med motiv laga for anledninga, og publikum kunne kosa seg i sola med mykje flott song og musikk og stor musikkglede.

- Me hadde ein fantastisk dag, og det er alltid kjekt når det me har jobba mot, bli ein suksess. Eg vil takka alle, både små og store, på kulturskulen og på skulane i Sogndal og Luster som har jobba godt for at me skulle ha eit så flott program å syna fram. Eg vil også retta ein takk til artistane og backing-bandet som var med på å løfta det endå eit hakk. Og sjølvsagt ein takk til publikum som støtta opp om elevane og som synte at dei sette pris på god musikk i sola, seier Roar Sandnes, rektor i Sogn kulturskule.

Les meir og sjå bildeserie frå Kulturskulen dag på nettsida til Sogn kulturskule