- Eg vil seia tusen takk Sogndal og Sogn. Me har verkeleg fått syna at Sogndal kommune er for alle, seier varaordførar Vibeke Johnsen, som vart rørt då ho såg den store oppslutnaden om paraden og arrangement.

Varaordføraren har vore med i nemnda som har planlagt den aller første prideparaden i Sogndal. Laurdag var alt klart, og sogningane møtte opp – både med paraplyar og prideflagg. Paraden starta på Campus, gjekk gjennom Gravensteinsgata og enda ved kommunehuset. Her var det appellar og musikalske innslag.

Traktor med hengar der det står folk med prideflagg. Paraden på veg mot plassen framfor kommunehuset.

Litt regn såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på stemninga.

Person syng på trappa framfor kommunehuset. Prideflagg i framgrunnen og bakgrunnen.

Musikar Eirik Sognnes framfor kommunehuset.