Sjå fleire bilete i botn av artikkelen

- Natur og utdanning, to ord som pregar kommunen, både her i Sogndalsfjøra, men også i Balestrand og i Leikanger. Det er imponerande at de får til så mykje frå barnehage til PhD, sa kronprinsen i talen han heldt under besøket på Campus.

Han meiner at det ikkje er rart at Sogndal opplever folkevekst og at det er takka vera innbyggarane.

Han trekte også fram naturkvalitetane i Sogndal.

- Tenk å få bu ein stad med så mykje kortreist natur!

Samtale om klima

Opphaldet i Sogndal starta på kaien onsdag morgon der kronprinsen gjekk i land frå sjaluppen til kongeskipet. Her vart han møtta av elevar frå Trudvang skule og Sogndal skulemusikk. Deretter gjekk turen til Fosshaugane Campus for ein samtale med forskarar og studentar om klima og klimatilpassing. Samtalen vart leia av Anne Karin Hamre, direktør for Vestlandsforsking.

Vidare i programmet hadde ordførar Arnstein Menes ei innleiing om utdanningsbygda Sogndal, før det var klart for presentasjonar frå Sogndal vidaregåande skule, Kvåle skule og Trudvang skule.

Innblikk i skule- og barnehagekvardagen

Rektor Jorun Felde frå Sogndal vidaregåande skule fortalde om samhandling mellom skule og næringsliv for elevar på yrkesfag. Torill Fimreite Cirotzki fortalde om Kvåle skule sin sosiale læreplan og bry deg-dagen, medan Tom Christian Wergeland frå Trudvang skule fortalde om fysisk aktiv læring og elevaktive arbeidsformer.

På plenen mellom Bragebygget og Høgskulebygget hadde elevar og tilsette frå Kvåle skule, Sogndal vidaregåande skule, høgskulen og andre som ville få med seg kronprinsbesøket, samla seg. Her var det kulturelle innslag, tale ved kronprinsen og tale ved ordførar Arnstein Menes.

Så gjekk turen vidare for møte med barn og vaksne frå Fosshagen utdanningsbarnehage i parken ved Granden. Her stod kjekke aktivitetar på programmet, og barnehagebarna fekk sjansen til å prata med kronprinsen.

Deretter gjekk turen tilbake til kaien for avreise. Kongeskipet sette så kursen mot Høyanger.

Stolt ordførar

- Utdanningsbygdi Sogndal er vår smeltedigel for arbeid med målsetjinga om å bli best på oppvekst. Me er takksame for besøket av kronprinsen og stolte av det me har å syna fram frå kommunen vår, seier Arnstein Menes, som i talen på Campus fortalde kronprinsen og dei frammøtte at Sogndal kommune er fylt av livskraftige lokalsamfunn som er stolte av kven dei er:

«Sjølv om bygdene er av ulike i storleik og har kvar sin eigenart, så deler dei ein vitalitet og ein styrke. Dette gjev dei som bur der trua på at dei er i stand til å skape si eiga utvikling, trass store trendar som globalisering, urbanisering og digitalisering. Dei står i ein utfordrarposisjon og tek opp kampen med dei store. Men me kan ikkje møta utfordringane med gårsdagens løysingar. Difor satsar me på innovasjon, entreprenørskap, forsking og utvikling. Me er utfordrarbygda, me vil konkurrere med dei fremste i landet, og i verda.» 

Ordføraren vonar besøket har vore til inspirasjon og at kunnskapen kronprinsen tek med seg vidare gjer det aktuelt å koma attende. Han nytta også høvet til å senda helsing til kronprinsesse Mette-Marit, som er sjukmeld og difor ikkje kunne bli med til Sogn.

Fylkesturen med kongeskipet starta i Aurland og Lærdal tysdag, gjekk vidare til Sogndal og Høyanger onsdag og til Solund torsdag.