Finansutvalet og formannskapet hadde lagt møta sine til Kaupanger skule 9. november. Før møta var det sett av tid til omvising på skulen.

Politikarane vart synte rundt på skulen av avdelingsleiar Frode Saue og elevrådsleiar Jonas Aasen Engebø. Politikarane fekk ei grundig omvising, og var mellom anna innom gymsal, garderobar og sløydsal, og fekk også sjå kantina som elevane har dekorert og innreia sjølve.

Saue fortalde at skulen, som no har 222 elevar, har ei samansetning av lærarar som gjer at dei er godt dekte på den fagkompetansen dei treng. Han trekte fram fleire område som skulen jobbar ekstra med, mellom anna eit trygt og godt skulemiljø.

Elevrådsleiar Jonas Aasen Engebø hadde førebudd ein presentasjon for politikarane, der han først trekte fram dei mange aktivitetane og tilboda på Kaupanger, før han peikte på behova han og ungdommane meiner Kaupanger og skulen har.

Elevrådsleiaren nytta også høve til å invitera politikarane tilbake til skulen til Mot til å glede-dagen 23. november.

- Me pleier å invitera fotballspelarar og slikt, men i år vil me invitera politikarar.

Orienteringane kan du sjå i starten av sendinga frå møtet i finansutvalet: Møte i formannskapet og finansutvalet 9. november