Hovudluskampanjen i haust står no for tur. Ta lusekammen fatt og sjekk barna dine denne helga, slik kan me alle vera med å avgrensa utbreiinga av hovudlus.
 
Hovudlus er eit tilbakevendande problem i skular og barnehagar, og det er om lag 1–2 prosent av alle barneskulebarn i Noreg som til ei kvar tid har lus, opplyser Folkehelseinstituttet.
 
Viss alle sjekkar seg denne helga, kan dei med lus bli behandla på omtrent same tid, noko som vil bidra til å redusera talet på hovudlustilfelle over tid.
 

Slik sjekkar du for hovudlus

  • Grei håret med ein lusekam (som du får kjøpt på apotek).
  • Grei heile vegen frå hovudbotnen til hårspissane.
  • Grei i vått hår, det hemmar rørsla til lusa.
  • Balsam kan brukast for å gjera kjemminga lettare.
  • Tørk av kammen på eit papir eller handkle etter kvart drag og sjå etter lus. Når eventuelle lus tørkar, vil dei byrja å bevega seg.
  • Greier du i tørt hår, blir det tilrådd å stå bøygd over eit kvitt handkle eller liknande. Då kan du få auge på lus som fell ned.

Hvordan sjekke for hodelus from Folkehelseinstituttet on Vimeo.

Fann du lus?

Tre måtar å bli kvitt hovudlus på:
  • Behandling med lusemiddel (midlar med dimetikon blir tilrådde).
  • Dagleg kjemming av håret med lusekam i 14 dagar.
  • Klippe håret kortare enn 0,5 cm.

Nyttig å vita

  • Barn som har hovudlus treng ikkje vere heime frå skule eller barnehage, men behandling bør komme i gang raskast mogleg.
  • Hovudlus er ikkje farleg, men kan bli plagsamt for den som blir ramma. Nokon opplever kløe, medan andre ikkje gjer det.
  • Hovudlus smittar ved hovud-til-hovud-kontakt, og ikkje via luar, kosedyr eller andre gjenstandar. Alle kan bli smitta av hovudlus, uavhengig av alder, hårtype osb.
  • Lus blir raskt svekka når dei er borte frå hovudet. Det er derfor ikkje nødvendig å vaske klede, møblar og bustad.
  • Utover lusekampanjen, oppmodar Folkehelseinstituttet til å sjekka for hovudlus ein gong i månaden. Oppdagar ein hovudlus, er det viktig å varsla barnehagen/skulen og dei næraste vennene slik at personar i omgangskrinsen kan auka sjekkinga si.