Dette var noko av det de løfta fram:
🌿 Bu heime så lenge som mogleg – med god hjelp
Mange ønskjer å bu heime så lenge som mogleg, men då må kommunen stille opp med støttetenester som heimesjukepleie, praktisk hjelp, støttekontakt og sosiale møteplassar. Eit stabilt og trygt personale, godt samarbeid mellom tenestene, og betre tilrettelegging av bustadar vart nemnt som viktig for å få dette til.
👵 Nærleik og tryggleik må telje
Det kom mange innspel om kor viktig det er at både langtids- og korttidsplassar finst i nærmiljøet. Særleg ved livets slutt eller for personar med demens kan det vere avgjerande med kjente omgjevnadar og kort veg for pårørande.
🥗 Mat er meir enn næring – det er glede og fellesskap
Mange er uroa for at kvaliteten på maten kan bli svekt dersom kjøkkendrifta blir sentralisert. Det vart peika på at lukta av mat, det å få varm og tilpassa mat, og moglegheita for å ete i lag, har stor verdi. Lokale kjøkken gjer det enklare å tilpasse og skapar trivsel – og kanskje også høve til å invitere med frivillige eller eldre i nabolaget.
🧺 Vaskeriteneste – kvalitet og struktur
Når det gjeld vaskeritenestene, var det fleire som meinte at det kan vere greitt å samle noko – som arbeidsklede og sengetøy – men at det bør vere mogleg å vaske privat tøy lokalt. Det er viktig med god merking og trygg handtering.
🏠 Omsorgsbustadar i Balestrand
I Balestrand vart det tydeleg at folk er opptekne av å behalde helsetilbodet i bygda. Det er forståeleg – lange reisevegar og rasutsette strekningar gjer at nærleik betyr ekstra mykje her. Mange seier det er greitt å omgjere institusjonsplassar til omsorgsplassar, så lenge det er døgnbemanna, med like god omsorg og tilgang på fagfolk.
Vi takkar varmt for alle innspel og det store engasjementet. De har delt erfaringar og bekymringar, og peika på moglegheiter og løysingar. No tek vi dette med oss vidare i arbeidet med å forme framtidas helse- og omsorgstenester i Sogndal kommune – i lag med dykk!