Når du kjem i eit av innbyggjartorga våre, må du registrera deg med namn og telefonnummer på terminalen, og velja kven du eventuelt har avtale med.
Sakshandsamar vert så varsla med SMS og e-post, og kjem og hentar deg. Dersom du ikkje har gjort avtale med nokon, vert du møtt av dei tilsette i innbyggjartorget. 

Det er mogleg å få hjelp med registreringa dersom du treng det.