Ungdom frå prosjektet Livsmeistring – robuste barn og unge leia kvelden og ordførar i Luster, Andreas Wollnick Wiese, og varaordførar i Sogndal, Gunnhild Olstad Bøyum, markerte opninga av temakvelden som blei arrangert av Luster og Sogndal kommune. Kvelden blei òg nytta til å presentere den nye nettstaden til prosjektet: meistrelivet.no.

I foredraget ga Line Marie Warholm nokre tydelege råd og bodskap til vaksne i møte med barn:

  • Me treng ei endring frå å løfte fram individet til å løfte fram det kollektive – og frå å prestere til å bidra.
  • Me må lære barn og unge å inkludere. Viss me vil ha barn som tek ansvar for å invitere andre barn inn, kan dei ikkje berre tenkje på seg sjølv. 
  • Barn treng ei solid, indre kjerne som står stødig i ei omskifteleg tid.
  • Løft blikket, ikkje fokuser på detaljane, men konsentrer deg om det viktigaste: Å lære barnet ditt sjølvstendig tenking, tole utanforskap og å fylle livet med meining gjennom å bidra.
  • Barn må få prøve seg på eiga hand og la dei få løyse situasjonar dei kjem i utan ei oppskrift frå oss vaksne. Dei aller fleste hendingar gir barn og unge moglegheiter for vekst og utvikling.
  • Foreldre er nøydd til å ta eigne val. Det som passar for ein familie, passar ikkje nødvendigvis for ein annan. Kva passar for deg og familien din?
  • Gode råd kan ikkje ta vekk ubehaget du som forelder må stå i når du har barn som møter utfordringar.
  • Ta ungdomstida meir på alvor. Det er ein stor jobb å gå frå det å vere ungdom til å bli vaksen. Me må tole det i møte med ungdommen. 
  • Vaksne må støtte kvarandre i å sette grenser for barna. Aldersgrenser på til dømes sosiale medium er der for ei grunn.
  • Tole barna sine kjensler, tola at dei vert sinte.
  • Det er seg sjølv barn og unge skal like, ikkje oss vaksne. Å vera forelder eller lærar er ingen popularitetskonkurranse.

Dersom du ikkje fekk med deg føredraget kan du sjå opptaket fram til og med 7. mai 2024:
https://www.meistrelivet.no/aktuelt/opptak-av-temakveld-med-line-marie-warholm

 

Ordførarar

 

 

Ope føredrag med Line Marie Warholm ( 1).png