Korleis klage på "parkeringsbot"
Det er ulik saksgang i klagehandsaming for kontrollsanksjonar og parkeringsgebyr, og det er difor viktig at det vert klaga på riktig type «parkeringsbot». Kva type «parkeringsbot» som er utskrive står på ilegginga.
Klageskjema: Klage på parkeringsbot Lenke til et annet nettsted.
Eksempel på vanlege grunngjevingar der ein IKKJE får medhald i klage
Skrive feil i Easypark
Om du har skrive feil registreringsnummer i Easypark, eller om du har trykka på feil bil, vil du få ein kontrollsanksjon under kontroll.
Betalte etter at «bota» kom
Kommunen har ein streng policy i slike tilfelle. Parkeringsforskrifta seier at ein skal registrera/betala omgåande etter parkering. Om du nyttar Easypark; betal når du framleis er ved bilen. Ein skal ikkje forlata parkeringsplassen før registrering er utført.
Måtte veksla fyrst
Mynt kan nyttast, og det har vore praksis i lang tid. Men ein kan ikkje veksla til mynt for så å registrera køyretøyet.
Brukte bilen til sentrum i lunsjen og det var ikkje plass når eg kom tilbake
Dette er ei vanleg grunngjeving når det gjeld Fosshaugane Campus. Ein dreg til sentrum på ærend, kjem tilbake etter kort tid og alle parkeringsplassar er opptatt.
I alle parkeringssonene står det underskilt «Parkering på anviste plassar». Det betyr at ein skal parkera innanfor dei oppmerka felta. Om køyretøyet blir parkert utanfor dei kvite linjene er det brot på vilkåra og brot på skiltparagrafen. Det er ikkje eit formildande argument at alle dei «anviste plassane» er opptatt.
Såg ikkje noko skilt
Du kan ikkje sei at du ikkje såg skiltet – du har plikt til å gjera deg kjend med skilt som står i nærleiken av eit parkeringsområde.
Fekk ikkje betalt med kort/easypark
I slike situasjonar er det mange som tenkjer at det er greitt å ikkje betale. Det er ikkje korrekt. Dersom bankkort eller Easypark ikkje fungerer skal ein nytta mynt.
Parkering i strid med skiltinga
HC-plassane gjeld kun for dei med gyldig parkeringsløyve.
Det er forbode å parkera der det er skilta med «Parkering forbode»
Vidare er det forbode å parkera
- på fortau, gangfelt, sykkelfelt, kollektivfelt og møteplassar
- framfor inn- og utkjørsler
- mindre enn 5 meter fra vegkryss
Ved alvorleg eller farleg feilparkering kan bilen bli taua vekk.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Easypark - oversikt over parkeringssoner og takstgrupper
- Billettlaus parkering
- Handheving av parkering og klagegang
- Smartpark: Elektronisk parkeringkort
- Parkering i Sogndal kommune
- Parkeringssoner i Sogndalsfjøra
- Elbil og bubil
- Parkering i P-hus Campus
- Stengde parkeringskjellarar på Fosshaugane Campus i veke 27 og 28
Sist oppdatert
