Parkering i P-hus Campus

Informasjon som gjeld P-hus S2, P-hus Eplekjellaren og P-hus Lines.


Kart over parkeringanlegga.

Kjennemerka til motorvogna vil bli registrerte elektronisk ved inn- og utkøyring av parkeringsanlegget. Dette skjer ved kamera/nummergjenkjenning med skiltavlesingskamera (APNR). Betaling skjer på etterskot for faktisk parkeringstid.

Parkeringsavgift vil gjelda alle typar køyretøy, dette omfattar og MC, UTV, ATV, mopedar, tilhengarar og tilsvarande.

EasyPark kode for time- og dagparkering: 9641

Om du ikkje har betalt på automat, via EasyPark eller har gyldig årsskort, kan du betala på www.parkpay.no Lenke til et annet nettsted. innan 48 timar etter utkøyring for å unngå fakturagebyr.

HC-kort vil ikkje bli fanga opp av skiltgjennkjenninga og vil få tilsend faktura, desse må ta kontakt med Sogndal kommune.

Parkeringskort

Køyretøy som i dag har gyldig årsskort kjøpt gjennom EasyPark eller fysisk på kommunehuset før 1. oktober 2023 blir lagde inn i eiga liste med utløpsdatoen som står på kortet.

Det vil ikkje vera mogleg å kjøpa nye kort gjennom EasyPark eller i innbyggartorget på kommunehuset frå 1. oktober 2023 i P-hus Campus. Nye årskort må kjøpast på www.parkpay.no Lenke til et annet nettsted..

Det er inga begrensing på sal av talet kort, "førstemann til mølla"-prinsippet gjeld for parkering.

Årsskort gjeld ikkje i P-hus Lines som før, her kan du betala med EasyPark-appen eller på automat.

 

Det er ingen studentpris inne i desse husa.


Skilt med informasjonen som ligg på denne sida.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?