Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøven 10. januar blir gjord over heile landet, rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.

Ein så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spela av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.

Kven får testen?

Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg og som er kopla på 4G/5G, kan få testen.

Hugs å oppdatera telefonen din, slik at du har den nyaste programvara frå operatøren din. Viss du ikkje har ein oppdatert telefon kan det henda du ikkje får testen.

Meir informasjon om kva einingar som kan få Nødvarsel

Dersom du ikkje ønskjer å få testen, må du setja telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. januar. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.

Kvifor testing?

Nødvarsel på mobil blir testa til heile befolkninga både for å gjera befolkninga kjend med korleis det vert oppplevd å få eit Nødvarsel og for å sikra at systemet fungerer som det skal.

I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjera for å verna deg sjølv.

Tyfonane blir testa kvart halvår, den andre onsdagen i januar og den andre onsdagen i juni. Testing av tyfonane blir gjord for å avdekkja tekniske feil og for å gjera befolkninga kjent med lyden og signalet.

Signalet som blir testa under varslingsprøvane, heiter "Viktig melding – søk informasjon" og består av tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane. Viss du høyrer dette signalet, betyr det i praksis at du skal søkja informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal vera blir gitt gjennom ulike media, til dømes radio, tv, nettsidene til styresmaktene og sosiale medium. 

På sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga

Les meir om varslingsprøven på nødvarsel.no

Informasjonsfilmen under er teksta på fleire språk. Klikk på CC-knappen på verktøylinja under videoruta for å velja språk på undertekst.

 

Hva er Nødvarsel - Informasjonsfilm from DSB on Vimeo.