Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.  

Målgruppa for ordninga er barn og unge til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.  

Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet. Risikofaktorar for utanforskap kan vere: 

  • Å vekse opp i familiar med låginntekt 

  • Manglande sosialt nettverk 

  • Manglande tilknyting til skule/arbeid 

  • Manglande deltaking i fritidsaktivitetar  

Kven kan søke? 

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot frå denne ordninga.  

  • Frivillige organisasjonar må vere registrerte i Frivilligheitsregisteret  

  • Verksemda som søker tilskot, må vere registrert i Enhetsregisteret 

Når er søknadsfristen? 

Søknadsfristen er 3. november 2023. 

Søk om tilskot på søknadsportalen til Bufdir

Regelverk og informasjon