Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi. 

Kven kan søkja:

Kommunar i Vestland og eigarar av regionalt verdfulle kulturminne registrerte i kulturminnedatabasen Askeladden.

Kva kan støttast:

Kommunane kan berre søkja tilskot til faste kulturminne i Vestland som anten er:

  1. Prioritert i kommunal kulturminneplan.
  2. Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova.
  3. Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.

Tiltak som stettar fleire av dei tre kriteria skal prioriterast.
Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.

Send søknad innan 21. februar til
postmottak@sogndal.kommune.no eller til Sogndal kommune, Postboks 153, 6856 Sogndal.

Orientering om tilskotsordninga til verna kulturminne i Vestland