Kurset er retta mot frivillige lag og foreiningar i kommunen.
 
Dato:
7. desember 2023 kl. 19.00-20.30
Påmelding:
Elisabet Orrestad Nilsen: E-post: Elisabet.Orrestad.Nilsen@sogndal.kommune.no, tlf: 47 84 15 73
Kursa blir haldne av Øyunn Iversen frå Tilskuddsportalen.
 
Bruk av Tilskuddsportalen og deltaking på kurset er gratis for frivillige lag og foreiningar registrert med adresse i kommunen.
Portalen har tilgang til meir enn 2700 tilskot, og er eit verktøy for å finna fram i «tilskotsjungelen».
 

Tema som blir diskutert:

  • korleis finna aktuelle tilskot å søkja på
  • forslag til utforming av søknader
  • siste nytt om tilskot og fristar
  • dela informasjon og lære av kvarandre
I kursa legg me vekt på å byggja opp motivasjon til å søkja tilskot, og vidare til å arbeida strategisk og langsiktig.
 
Me viser korleis Tilskuddsportalen praktisk kan brukast som eit effektivt støtteverktøy, og me tek også opp metodikk i arbeidet og i utforming av søknader.
 
Kurset er aktuelt for alle som ser på moglegheitene for å søkja tilskot til prosjekta og ideane sine.