Sogndal kommune søkjar motiverte ungdommar til kommunalt råd for ungdom. Ungdomsrådet skal gje ungdom reell innverknad og ivareta dei unge sine interesser i kommunen. Ungdomsrådets oppgåve er å vere eit rådgjevande organ i saker som vedkjem dei unge. Ungdomsrådet kan også sjølv fremje saker som er viktige for barn og unge i kommunen.  

Kven kan søke og foreslå kandidatar?

Er du mellom 13 år og på valtidspunktet enno ikkje fylt 19 år, kan du søkja.
Elles er det einaste kravet at du er engasjert og motivert, og er busett eller går på skule i Sogndal kommune.

Organisasjonar, foreiningar og andre kan nominera kandidatar til ungdomsrådet.
Kandidaten vil som medlem i rådet representera alle barn og unge i kommunen, ikkje den aktuelle organisasjon.

Om ungdomsrådet

  • Ungdomsrådet består av 13 representantar. 
  • 3 frå Balestrand, 4 frå Leikanger, 5 frå Sogndal og 1 representant frå utval for levekår. I tillegg blir det valt vararepresentantar.
  • Representantane blir valt for to år
  • Ungdomsrådet har mellom åtte og ti formelle møter i året
  • Du får som representant eit honorar når du er med på møta

Søknad

Send inn søknad eller foreslå kandidatar via forms-skjema

Søknadsfristen er 5. november 2025.

Val

Kommunestyret vel medlemmar i det nye ungdomsrådet i møtet 27. november 2025.

Kontaktperson

Jarle Teo Andersen, sekretær Sogndal ungdomsråd
Jarle.teo.andersen@sogndal.kommune.no
90856372