Arbeidet med nye Trudvang skule følgjer overordna framdriftsplan, og fleire sentrale aktivitetar er no i gang. På byggeplassen er delar av bygget sitt fotavtrykk under oppføring, medan produksjon av vegg- og bygningselement skjer hos leverandør. I tida framover vil aktiviteten på og rundt anleggsområdet bli meir synleg for elevar, tilsette og naboar.
1. Riving av gymsalen
Rivearbeidet er i gang med innvendig sanering (handriving) og klargjering. Maskinriving er starta, og den mest intensive perioden vil vare i om lag to veker. For elevar og føresette betyr dette:
- meir støy, risting og synleg aktivitet
- periodar med støv
- auka anleggstrafikk
Denne fasen skjer tett på skule i drift, og vil vere den mest krevjande delen av prosjektet så langt. Skulen snakkar dagleg med elevane om reglar og risiko, og me håpar de også vil ha dette som tema heime.
Prosjektet har med sitt HMT-team sett inn følgjande tiltak for å redusere ulempene:
- Trygg ferdsel: Sikra gangvegar og tunnelløysingar som leier elevar og tilsette trygt gjennom området
- Støv: Aktiv vatning og kontinuerleg vurdering av vindforhold
- Støy: Dei mest støyande arbeida vert så langt mogleg lagde utanfor skuletid
- Informasjon til føresette og elevar
- Opplæring av elevane på skulen
2. Midlertidig hall
For å sikre aktivitetstilbodet vert det etablert ein midlertidig hall som er planlagt klar til bruk 27. juli 2026.
- Areal på om lag 200 m²
- Eiga brakke med garderobe og eitt toalett
- Løysinga baserer seg på gjenbruk, mellom anna av ventilasjonsanlegg.
- Kan flyttast i samband med neste byggjetrinn
Informasjon om bruk og kapasitet vert delt med skulen, føresette og lag/organisasjonar.
3. Generell status – siste månad og vegen vidare
Nybygget byrjar no å reise seg og bli synleg i landskapet, samstundes gjer vi no det siste rivearbeidet i dette byggesteget. Det har vore god dialog med FAU og føresette gjennom perioden. Prosjektet er samla sett i rute framdriftsmessig.
I tida framover vil arbeidet ha særleg fokus på ferdigstilling av rivinga av gymsalen, vidare byggeaktivitet og tett oppfølging av både tryggleik og skulekvardagen.
4. Skulestart til hausten
Mot skulestart blir tryggleik og god informasjon prioritert gjennom prosjektet "Minientreprenørene". Venner på vegen er eit tiltak i dette involveringsprosjektet for å styrke trafikkforståinga.
- Trygg skuleveg: Tilkomst til hovudinngangen vert sikra, tydeleg merka og godt informert om
- Informasjon vert sendt ut gjennom skulen sine kanalar
- Elevane får opplæring og førebuing til anleggsperioden etter sommaren
5. Prosjektorganisasjonen
Prosjektet er organisert i tverrfaglege team som samarbeider tett, noko som så langt fungerer svært godt. HMS-teamet arbeider med tryggleik i og rundt anleggsområdet, mellom anna knytt til trafikk, støy og støv, og vurderer tiltak for å redusere risiko. Kommunikasjonsteamet sikrar open og samordna informasjon til innbyggjarane. Teamet består av representantar frå kommunen og prosjektorganisasjonen, og er etablert for å unngå misforståingar og bidra til betre prosjektgjennomføring. For å sikre gode prosessar er det etablert ein fast struktur med behovseigarar, som har ansvar for ulike fagområde og brukargrupper. Desse omfattar drift, reinhald, IT, miljøretta helsevern, skule/SFO, kultur og frivilligheit og spelemidlar. Skuleeigar deltek òg for å sikre overordna føringar.
Kort oppsummert
Dei to vekene frå 1. juni blir dei mest intensive til no. Dei fleste vil ikkje merke noko skilnad, men det vil vere ekstra fokus på HMT grunna at ein er tettare på ein skule i drift enn tidlegare og nokon gong vil vere. Aktiviteten kjem nærare på, men det er sett inn solide tiltak for tryggleik og informasjon. Målet er at elevar, føresette og naboar skal kjenne seg trygge og godt informerte gjennom heile perioden.
Me har motteke gode innspel både frå FAU og innbyggarane i kommunen. Dette er innspel som gjer prosjektet både betre og tryggare. Me håpar de vil halde fram dette, og set pris på tilbakemelding.
