Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og skal opna dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Pengane fra TV-aksjonen vil gå til skulegang, helsetenester og naudhjelp, i tillegg til hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og protesar. Målet er å gje 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.
Meir informasjon finn du på: Hjem | NRK TV-aksjonen 2025
Bli bøsseberar!
Meld deg som bøsseberar via nettsida til TV-aksjonen (Aldersgrensa for å vera bøsseberar åleine er 15 år)
Du kan også laga ei digital innsamling: Lag din egen innsamling | NRK TV-aksjonen 2025
Campus-løpet
Sogn Næring arrangerer for fjerde året på rad Campusløpet for TV-aksjonen. Onsdag 1. oktober inviterer dei bedrifter, studentar og andre sprekingar (eller ikkje så spreke) til å snøra på seg løpe/gå-skoa og støtta TV-aksjonen. Påmelding og informasjon: Campusløpet 2025
Vil du gje ei gåve?
I tillegg til bidrag i innsamlingsbøsser, kan du gje pengegåver via nettsida til tv-aksjonen
Vipps: 2133 (Gi 350 kr eller valgfritt beløp)
SMS: TVA til 2133 (350 kr)
Kontonummer: 8380 08 09005
Kontonummer ved bestilt faktura med KID:
1503 60 97431