- Måten du brukar eldstaden din på er avgjerande for om me kan få utrykking heim til deg, seier Torill Anita Segtnan i Sogn brann og redning. 

Gode fyringsvanar 

Det er fleire gode råd du kan følgja om du vil unngå pipebrann. 

- Gode fyringsvanar kan førebygga faren for pipebrann. Julepapiret, juletreet, bos og plast skal ikkje brennast i vedomnen, understrekar Segtnan. 

Juletre er ferskt og har mykje barnåler, noko som kan skapa ein eksplosiv brann som er vanskeleg å kontrollera. Julepapir og reklame inneheld ofte plast og avgir giftige gassar. Plast blir til beksot på innsida av pipa og aukar faren for pipebrann. Papp og papir brenn raskt og ved høg temperatur, og brenn ikkje reint. 

Fleire gode tips finn du på nettsida til Brannvernforeningen.

Feiermesternes Landsforening har sett opp nokre viktige råd til deg som ønskjer å bruka vedfyring ut over vinteren.  

- Uansett korleis du fyrer, er det viktig at du har fungerande røykvarslarar i bustaden din. 

Tilsyn og feiing 

Tilsyn og feiing er viktige tiltak frå å unngå brann. 

I perioden no etter jul vil fleire få besøk frå Sogn brann- og redning for tilsyn med fyringsanlegg. 

- Tilsynet kan avdekka eventuelle feil og manglar som også kan vera avgjerande for at ein pipebrann kan utvikla seg til ein større bygningsbrann, påpeiker Segtnan. 

Ho oppmodar folk om å gjera klart for feiing når dei får varsel frå Sogn brann og redning. Varselet kjem i hovudsak på SMS, og kjem med ei lenkje som du må kvittera på. Dersom du ikkje har høve til å gjera det, finn du namn og telefonnummer til brannførebyggaren i meldinga slik at du kan ta kontakt på telefon.