Tre av dei smitta vart testa som nærkontaktar av den første som fekk påvist smitte. Fleire nærkontaktar av dei fire er testa, og alle desse har testa negativt. 14 nærkontaktar er så langt sette i karantene, og kommunen held fram arbeidet med smittesporing.

Det vert arbeidd med å finna ut av kvar smitten er komen inn i kommunen.

Det er ikkje påvist smitte inn i kommunale institusjonar (barnehage, skule og helse og omsorg). Kommunen vil difor halda fram med å gje tenester som normalt. Dersom det syner seg at fleire er smitta og me må gjera endring i drifta, vil dei som er råka av dette, få informasjon direkte.