Fleire personar i Balestrand har dei siste dagane testa positivt på korona. Måndag testa også ein elev ved Sagatun skule positivt, og elevar og tilsette ved skulen vart difor oppmoda om å testa seg med hurtigtest. Til saman er 8 vaksne og 6 born i Balestrand påvist smitta. Borna er alle under 13 år.

- Dei smitta har lette symptom og ingen er alvorleg sjuke, opplyser smittevernlege Leiv Erik Husabø, og legg til at det er venta at me kan få slike utbrot blant uvaksinerte grupper.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er korona vanlegvis ikkje ein farleg sjukdom for born.

-  Men det er viktig å hugsa på at pandemien ikkje er over, og at ein må følgja smittevernråda om å halda seg heime viss ein har symptom og testa seg. Slik kan me få avgrensa smitten, seier Husabø.

Skulen vil framleis vera open, men det blir sett inn tiltak for å hindra vidare smitte.

Det blir innført besøkskontroll på helsetunet og i bu- og miljøtenesta i Balestrand.

Totalt er det no påvist 16 koronasmitta personar i Sogndal kommune.