Karantenereglane er no slik at nærkontaktar som er fullvaksinerte ikkje kan påleggast karantene. Nærkontaktar som er delvaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan kan ikkje påleggast karantene om dei tek PCR-test mellom dag 3 og dag 7 etter smitteeksponering. Alle andre skal i karantene i 10 dagar frå mogleg eksponering for smitte.
 
Sidan me no ser at såpass mange vaksinerte blir smitta vurderer me at det kan vere stor fare for at vaksinerte nærkontaktar med fritak frå karantenereglane kan bli smitta og smitte andre. Me oppmodar difor alle, inkludert vaksinerte, om å vere ekstra merksame på smittevernreglane. Hald avstand, vask hender og gå i isolasjon og test deg ved minste teikn til symptom.
 
Av dei som 11 som er bekrefta smitta i utbrotet i Sogndal er det berre 3 uvaksinerte. 1 er fullvaksinert. 6 er delvis vaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan og 1 har fått 1 dose for mindre enn 3 veker sidan. Vaksine gir heldigvis godt vern mot alvorleg sjukdom.
 
Mikrobiologen reknar med at dei første prøvesvara på prøvar tekne i går, kjem rundt kl. 18