Telenor opplyser at dei utset nedkoplinga av koparnettet i Balestrand sentrum der Sognenett no byggjer fiber. Nedkoplinga er utsett til desember 2021.

- I Balestrand har det vore uro for at nokon skulle stå utan tilstrekkeleg fiberdekning dersom dagens koparnett vart kopla ned for tidleg. Me er difor veldig glade for at Telenor kunne gje oss dette svaret etter at kommunen etterlyste ein tidsplan for nedkoplinga og ba om at arbeidet vart utsett, seier ordførar Arnstein Menes.