Rask psykisk helsehjelp er eit gratis korttidstilbod til alle over 16 år som ynskjer hjelp med lettare former for angst, depresjon, rusproblem og søvnvanskar. Sidan november i fjor har dei hatt kurstilbodet «Framdrift» på dagtid i Sogndal. Framdrift er eit kurs som gir deg mentale verktøy for å handtera vanskelege følelsar og tankar på ein meir hensiktsmessig måte.

- Dette kurset passar for deg som kanskje opplever å vera «for frisk» til å søka hjelp, men som likevel opplever at kvardagen er tung, vanskeleg og/eller utfordrande, fortel terapeut Maria Kalstad Brun.

No vil ein kunne ta dette kurset også på kveldstid.

- Me har hatt stor pågang på kurset på dagtid. No vil me også tilby kurset på kveldstid. Kanskje har du hatt ynskje om å delta på kurset, men ikkje kunne delta grunna andre prioriteringar som til dømes arbeid. Då kan kanskje eit kveldskurs vera noko for deg?

Kurset startar 14. september klokka 18. Kurset går over fem samlingar (torsdagar) og varer i to timar kvar gong. Du finn meir informasjon på nettsida til rask psykisk helsehjelp i Sogndal kommune.