Då situasjonen i Danmark vart kjend 11. mars, valde Sogndal kommune å utsetja dei planlagde vaksinasjonane ved AstraZeneca den dagen til dei hadde fått ei avklaring frå helsemyndigheitene.

Dei 50 personane som var kalla inn til vaksinering ved Sogndal legekontor frå klokka 13 og utover, fekk difor ikkje vaksinen denne dagen. Dei det gjeld, vil bli kontakta for nytt tidspunkt for vaksinering.

Seinare på dagen vart det klart at Noreg set vaksinasjon med AstraZeneca-vaksinen på pause.