Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til befolkninga om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper.
I tillegg får 65-åringar tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom.
Tilrådinga frå FHI (Folkehelseinstituttet) om oppfriskningsdose for korona gjeld dei som er 75 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper, men alle mellom 65-74 år kan likevel få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet hvis dei sjølv ynskjer det.
Vaksinasjonsstader og tidspunkt
Vaksineringa skjer no på dei tre legekontora. Ta kontakt for å få avtalt tid.
Pris
Eigenandel:
Influensavaksine: 300 kroner
Koronavaksine: 85 kroner
Pneumokokkvaksine: 85 kroner
(Pneumovax til andre: 400 kroner)
- Vaksineringa er for risikogrupper, og vaksinen er kjøpt inn rimeleg til dei.
- Andre friske som ynskjer vaksine, må gå til apotek eller legekontor.
- Kommunalt tilsette i risikogrupper som bruker tilbodet, betaler som vanleg.
- Helsepersonell skal så langt som råd få tilbod om influensavaksine på arbeidsplassen i arbeidstida. Leiarane har ansvar for det.
Barn som treng vaksiner, må kontakte helsestasjonen.