Kommunestyre for nye Sogndal kommune har vedteke politisk reglement i møte 03.10.2019, sak 6/2019. I samband med det skal det veljast eldreråd for perioden 2019 - 2023
 

Eldreråd

Val og samansetting 
Kommunestyret vel 7 medlemmene, inklusiv leiar og nestleiar. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar. 1 representant frå komité for levekår er medlem i rådet. 
 
Mynde og ansvarsområde (jf. § 2. i Forskrift om medvirkningsordninger) 
Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen. Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre. Kommunestyret skal ha rutinar som sikrar at rådet tek i mot saker på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaminga, slik at det er mogleg for rådet å påverke utfallet av saka. 
Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. 
Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka. 
Rådet skal ikkje behandle saker som gjelder avgjer for enkeltpersoner. 
Rådene skal kvart år utarbeide årsmelding som skal leggast fram for kommunestyret.
 
Vi ynskjer i samband med dette innspel på medlemmar til Eldrerådet for nye Sogndal kommune for perioden 2019 – 2023.
 
Innspel skal sendast til:
Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal
eller på e-post: postmottak@sogndal kommune.no.