Opphavleg varsel
Oppstart av planarbeidet vart kunngjort i Sogn Avis den 02.11.2023, samt på nettsida til Sogndal kommune. Varselbrev vart sendt til naboar og offentlege etatar den 27.10.2023. Innspel som kom inn til dette varselet er registrert og vert tekne med vidare i plansaka.
Føremål med planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å transformere g/bnr. 217/7, 217/91 og 217/94 på Hermansverk til eit sentrumsbygg med matbutikk, forretning, kontor og bustadar. Dette i samsvar med føresetnadane i overordna planverk.
Om utvidinga
Planområdet vert utvida samanlikna med opphavleg varsla avgrensing. Bakgrunnen er drøftingar mellom Statens vegvesen, Sogndal kommune og tiltakshavar om løysing for det samla vegsystemet og tilkopling til Rv. 13. Det er aktuelt å regulere ei ny vegløysing der dagens tilkopling mellom Lundevegen og Rv. 13 vert stengt, og det i staden vert etablert eit nytt tilkoplingspunkt mellom Fjordheim-prosjektet og g/bnr. 217/95. Alle eksisterande bustadar med tilkomst via dagens avkøyring frå Rv. 13 til Lundevegen skal sikrast tilkomst via ny løysing.
Utvidinga av planområdet er gjort i tre retningar:
-
Mot nordvest – for å få med tilstrekkeleg areal for eventuell ny plassering av busslomme på nordsida av Rv. 13
-
Mot nordaust – for å inkludere g/bnr. 217/94 som har vorte ein del av Fjordheim-prosjektet undervegs i planprosessen
-
Delar av g/bnr. 217/95 – for å få med tilstrekkeleg areal til den nye vegløysinga mellom Rv. 13 og Lundevegen
Samla storleik på revidert planområde er 9,3 daa, mot opphavleg 6,4 daa.
Det er avklart med kommunen at utvidinga av planområdet ikkje krev revidert planinitiativ eller nytt oppstartsmøte. Planen fører etter kommunen si vurdering ikkje til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova eller utarbeiding av planprogram.
Tilhøve til gjeldande planar
Storparten av arealet for Fjordheim-prosjektet er i gjeldande kommuneplan (arealdel for Leikanger kommune 2016–2026) avsett til sentrumsføremål. Resterande delar av planområdet er avsett til bustadføremål og samferdsleføremål (Rv. 13).
Vidare saksgang
Innkomne merknader vert tekne med i det vidare arbeidet med reguleringsplanen. Planforslaget vil verte politisk handsama og deretter lagt ut til offentleg ettersyn. Alle som er del av planområdet eller naboar til dette vil få varsel når planforslaget er på høyring.
Innspel til planarbeidet
Spørsmål og innspel til planarbeidet kan rettast til:
Fagkyndig plankonsulent: Norconsult AS v/ Cornelis Erstad
E-post: cornelis.erstad@norconsult.com
Tlf: 410 43 715
Spørsmål om planprosess kan rettast til:
Sakshandsamar og arealplanlegger i Sogndal kommune: Arman Wedøe
E-post: arman.wedoe@sogndal.kommune.no
Tlf: 48126367
Gje innspel på skjema: Høyringsuttale (KF-239-FK)
Du kan også senda uttalen på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no
Frist for å gje innspel til varsel om oppstart er 10.07.2026
Plandokument
-
Varselbrev om utvida planavgrensing (Norconsult, 28.05.2026)
-
KU-vurdering, revidert (Norconsult, 22.05.2026)
-
Referat frå oppstartsmøte
-
Planinitiativ
Alle dokument er tilgjengelege på arealplaner.no
