Innbyggarane i delar av Balestrand sentum og rundt Esefjorden blir no varsla om at det kan bli aktuelt med evakuering i løpet av søndag. Årsaka er nedbør, stigande temperatur og fare ras. 

- Det er ikkje sendt ut eit evakueringsvarsel, men me ynskjer å varsla innbyggarane om at det kan bli aktuelt, slik at dei kan førebu seg ved å pakka det mest naudsynte, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.

Kommunen har sendt ut førehandsvarsel til 637 adresser, men me kan ikkje seia no kor mange av desse som vil bli råka av ei eventuell evakuering.

Viss det blir sett i verk evakuering, er det Sygna vidaregåande skule som er evakueringsstad. Innbyggjarar som har behov for bistand ved ei eventuell evakuering, har søndag vore bedne om å melda dette inn til kommunen.

- Blir det sett i verk evakuering, vil dei dette gjeld, bli varsla, opplyser Ølmheim.

Vêrsituasjonen er utfordrande, med mange stengde vegar.

- Det er viktig at folk tek dette på alvor og at ingen går inn i rasområde eller område der det er fare for ras, understrekar Ølmheim.

Gjer du observasjonar som gjev grunn til uro, til dømes at det ikkje lenger kjem vatn i eit bekkefar, ber me om at du melder frå til teknisk vakttelefon Balestrand (vakthavande utrykkingsleiar brannvesenet): 911 07 133.

Førevarsel om eventuell evakuering gjeld i samråd med avviklinga av farevarselet til NVE.

Les òg: Sende ut førevarsling etter nøye vurdering