- Eg vil på vegner av det gamle kommunestyret takka dykk, Arnstein og Vibeke, for god møteleiing og all den innsatsen de har lagt ned for den nye kommunen. Og så må me hugsa på at de har vore historiske, den første politiske leiinga i nye Sogndal, dei tre samanslegne kommunane. Me takkar dykk for ein stor innsats, sa Stig Ove Ølmheim på vegner av det gamle kommunestyret då det nye kommunestyret var samla torsdag.

Arnstein Menes og Vibeke Johnsen var ikkje dei einaste som fekk takk i det konstituerande kommunestyremøtet på Quality Hotel Sogndal. Dei stod sjølve for takk og utdeling av blomar og ein vase med inskripsjon til kommunestyremedlemmene som ikkje skal vera med vidare i den nye peridoen. Totalt gjeld det 26 representantar, inkludert dei som har fått fritak i løpet perioden.

- Å etablera ein ny kommune er - og har vore krevjande - for mange av oss. Som folkevalde kviler det eit stor ansvar for å sikra innbyggarane våre gode tenester og utvikla kommunen vår i ein god retning. Som utfordrarbygda, som distriktskommunen mot straumen og som ein kommune som blir lagt merke til, både regionalt og nasjonalt i fleire samanhengar, så har me på mange måtar lukkast. Men framleis står det att mykje arbeid for å nå målsettingane i samfunnsplanen og for å gjera dette til den beste kommunen å bu og leva i, sa Menes og la til at det har vore ei stor glede å få vera ordførar i ein slik kommune.

Menes nytta også høvet til å takka tilsette i kommunen.

- For oss som politikarar er det to rollar som er heilt avgjerande for at me skal få gjera vårt arbeid, kommunedirektør og politisk sekretariat, sa Menes, som også retta ein takk på vegner av det gamle kommunestyret til alle dei tilsette i kommunen.

12 personar på rekke oppstilt framme i kommunestyresalen.

Representantane i det gamle kommunestyret som ikkje blir med vidare i den nye perioden, vart takka med blomar og ein vase med inskripsjon. Dei som ikkje kunne møta, vil få vasen ved eit seinare høve. (Foto: Mariann Skau)

Les òg: Stig Ove Ølmheim ny ordførar