Det vart frå kommunen si side sendt ut varsel på SMS og e-post til ramma adresser, og sett ut tankar med naudvatn tysdag førmiddag. Grunna telen viste det seg særs utfordrande å påvise lekkasjen, og våre operatørar har arbeidd særs lange dagar på leit etter denne.

Onsdag ettermiddag vart lekkasjen funnen, og det viste seg naudsynt å skifte ut minimum 6 meter med leidning. Arbeidet pågår utover ettermiddagen, og då arbeidet vart avslutta, vart det sendt ut melding til dei som var råka. Abonnentane i området fekk melding om å koke drikkevatnet fram til kommunen hadde fått svar på analysar gjort av vatnet. Analysen synte at drikkevatnet har tilfredstillande kvalitet, og det er sendt ut melding til abonnentane om at vatnet er trygt å drikke.

Me takkar for tolmodet som innbyggarane har vist i denne prosessen.