Klokka 06:00 i dag, onsdag, vart det oppdaga stort tapt av vatn på overvakingssystemet for drikkevatn, i storleiksorden 100 l/s. Klokka 07:00 vart det rapportert om ein stor vasslekkasje i Vangestadvegen 6 (Ramirent) på Kaupanger.

Lekkasjen er no utestengd, og nokre få adresser i området er utan vatn. Dei det gjeld, har fått SMS-varsling frå kommunen.