Tildelingskontoret sine oppgåver er å motta, kartlegge og handsame søknader om helse og omsorgstenester i Sogndal kommune. Vi kan svare på spørsmål og rettleie i søknad om helse og omsorgstenester. Vi kan også bistå ved eventuell klage. Du kan kontakte oss i opningstida på telefonnummer: 400 22 970 eller e-post: tildeling@sogndal.kommune.no. Ønskjer du avtale med personleg oppmøte skal dette vere avtala på førehand.

Tildelingskontoret i Sogndal kommune skal:

  • Vere ein felles inngang til helse og omsorgstenestene i kommunen
  • Gjennomføre kartlegging for å sikre at vedtak og tenester er basert på korrekt og tilstrekkeleg informasjon
  • Sikre tverrfagleg og individuell vurdering av behov for kommunale helse og omsorgstenester
  • Tildele rett teneste til rett tid og i tilstrekkeleg omfang i tråd med lovverket
  • Ha fokus på tenestemottakar sine ressursar og kva som er viktig for den enkelte for å oppretthalde sjølvstende og funksjonsnivå så lenge det er mogleg

Meir informasjon finn du på nettsida til tildelingskontoret