Med eit fødselsoverskot på heile 78 nye sambygdingar i 2021, og 12 097 innbyggjarar, gler ordføraren seg over utviklinga sjølv om det fører med seg utfordringar knytt til kapasitet i barnehage og skule, samt bustadar.  

- Dette er kjekke utfordringar for oss i kommunen. 

Viktig for Sogn 

Ifølgje SSB sine framskrivingar vil Sogndal ha nesten 12 750 innbyggjarar i 2030, og nesten 13 700 i 2050. Men det er også auke i andre sognekommunar.   

- At det også er vekst i kommunane rundt oss, som Årdal og Luster, er viktig for Sogndal. At det til dømes er positiv utvikling, bustadar og interessante jobbtilbod rundt oss tener også me på, held ordføraren fram.  

Vil du vita meir om Sogndal kommune, les meir på ssb.no