Hovudmålet er klart:

Alle barn og unge i Sogndal kommune skal ha reell moglegheit til å delta i minst éin organisert fritidsaktivitet.

 

Vi inviterer lag og organisasjonar, politikarar, tilsette i kommunen og alle som jobbar med barn og unge til å delta i arbeidet om ein felles fritidserklæring.

Saman kan vi skape meir inkludering og mindre utanforskap.

 

Arbeidet skjer i to delar:

Del 1 – Innspelsøkt (denne invitasjonen). Vi samlast for å dele erfaringar og identifisere barrierar for deltaking i fritidsaktivitetar. Saman ser vi på kva kommune, lag, organisasjonar og politikarar kan gjere for å redusere desse barrierane.

 

Del 2 – Felles mål og intensjonserklæring. På bakgrunn av innspel og nasjonale og regionale føringar, utarbeider vi felles mål og ei lokal fritidsserklæring som vi ønskjer at flest mogleg sluttar seg til og skriv under på.

 

Set av datoen og bli med på innspelsøktane:

  • Sogndal: torsdag 26. februar - kl 18-20 Blaoboxen, Sogndal kulturhus
  • Leikanger: torsdag 5. mars kl 18-20 - Frivilligsentralen Saften
  • Balestrand: måndag 9. mars kl 18-20 - Balestrand Holmatunet
  • Kaupanger: 19 mars kl 18-20- Klubblokalet Kaupanger

 

Påmelding innan mandag 16. februar 2026. Meld deg på her!


Dei som er med å skal utarbeide ei lokal fritidserklæring i Sogndal kommune er:

  • Linda Mathisen - fritidskoordinator 
  • Ingrid A - samfunnsutviklar 
  • Jarle Teo - rådgjevar oppvekst 
  • Silje Fimreite- rådgjevar folkehelse 
  • Katrine Sørum – rådgjevar helse 
  • Håvard E Eliassen - kultursjef 
  • Marianne M Thorsnes - Balestrand Frivilligsentral og Balestrand 4H 
  • Glenn Orkelbog- Kaupanger Speidergruppe 
  • Christian Frøyd - Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU)

 

Spørsmål?

Hvis du har spørsmål eller idear, kan du kontakte Linda Mathisen, fritidskoordinator i Sogndal kommune. 

 

Beste helsing

Linda Mathisen, Fritidskoordinator Sogndal kommune

Linda.mathisen@sogndal.kommune.no

Tlf. 47 50 77 49