Opplev Leikanger inviterer til årsmøte og ope møte om «Saften - ute og inne» på Sognefjord Hotel torsdag 2. mars Kl. 19.00. Møtet er for alle systrendingar og andre interesserte

Me startar med årsmøte - tek så ein pause med servering av kaffi og kake til dei frammøtte, før me går vidare i programmet med det opne møtet.

Ope møte: Korleis gjera Saften inne og ute til ein endå viktigare sosial møteplass i framtida?

Administrasjonen i Sogndal kommune skal flytta inn i Saften. I samband med dette skal andre fasilitetar også oppgraderast. Me håpar at Saften kan bli ein endå viktigare sosial møteplass i framtida. Samstundes ønskjer kommunen å gjera området rundt Saften grønare, meir inkluderande og meir aktiviserande.

Korleis kan me leggja til rette for meir liv og røre i og utanfor Saften saman med innbyggjarane? For å finna ut av det treng kommunen å samspela med systrendingane. Sogndal kommune kjem for å innleia til dialogen.

Vel møtt alle saman – og som sagt – møtet er ope for alle. Ta gjerne med naboen eller ein du kjenner.