30. oktober er alt klart for den nye festivalen Sogna Skraol. Festivalen startar med familiekonsert med Showtime Kaupanger og Louise & Anneli band med dansarar frå Firda vidaregåande skule.

På kvelden blir det variert program for vaksne der ti band skal i elden i Storsalen og Blaoboxen. Her får du oppleva eit breitt spekter av musikk - frå norsk rock, jazz/hip-hop og pop til metal og alternativ rock. Festivalpasset gir deg tilgang til alle konsertane. Du kan gå fritt mellom salane og velja akkurat kva for band og artistar du vil få med deg.

Kulturhussjef Stig Blindheim-Hansen har møtt mange som ynskjer at det skal skje meir på musikkfronten i Sogndal.

- Me lagar ein festival med regionale og lokale band på ei profesjonell scene, og me håper på mykje publikum, seier han.

Meir informasjon om programmet og billettkjøp finn du på nettsida til Sogndal kulturhus:

Sogna Skraol - Familiekonsert - Sogndal Kulturhus

Festival: Sogna Skraol - Sogndal Kulturhus

Sogna Skraol på Facebook