Øvingslokalet på Leikanger, sentralt plassert i sentrum på nedsida av vegen ved Henjaelvi, fyller i år 15 år. Og då var det på tide med ei oppgradering.
![]() |
| Slik såg musikkbingen ut før oppgraderinga. (Foto: Tor Talle) |
Både for unge og erfarne
- Rommet har fått ein meir moderne utsjånad, i tillegg har me fått ny lydmiksar og diverse anna utstyr, fortel Tor Talle, kultur- og ungdomsarbeidar i Sogndal kommune, med særleg ansvar for Leikanger.
Musikkbingen er utstyrt med trommesett, gitarforsterkarar, bassforsterkar, keyboard, lydanlegg, gitar og bassgitar.
Talle, som også har starta opp ungdomsklubben på Leikanger, frå denne hausten i heilt nye lokale på Saften, håper musikkbingen vil bli mykje brukt framover, både av unge og meir erfarne musikarar.
- Viss det er nokon som treng litt hjelp eller råd for å koma i gang, er det berre å ta kontakt. Eg er mellom anna å treffa på ungdomsklubben på onsdagar, seier Talle.
![]() |
| Tor Talle, kultur- og ungdomsarbeidar i Sogndal kommune. |
Tre musikkbingar i kommunen
Me har tre musikkbingar i Sogndal kommune. Desse finn du på Leikanger, Kaupanger og i Balestrand.
Du kan booka øvingstid her: https://lmb.onlinebooq.net/
Meir info finner du på Sogndal kommune si infoside om musikkbingane


