Psykisk helse- og rustenesta har gjort nokre erfaringar knytt til årets tema. Folk kjenner gjerne meir på uro og press enn tidlegare, det er ei auke i påmeldinga til stressmeistringskurset som Rask psykisk helsehjelp held saman med Frisklivsentralen Sogn.
Psykisk helseteam og Rask psykisk helsehjelp tilbyr ulike tilnærmingar av behandling i lågterskeltenesta.
- Psykisk helseteam tilbyr støttesamtalar og oppfølging i livskriser og vanskelege situasjonar.
- Rask psykisk helsehjelp tilbyr kortvarige behandlingsmetodar som kurs og assistert sjølvhjelp til ulike psykiske plager.
Begge teama opplever auka interesse for å lære seg verktøy som kan gjere kvardagen enklare.
Foredrag og aktivitetar 14. oktober
For å markera verdensdagen inviterer Psykisk helse- og rustenesta til foredraget «Balansens kunst»
Stad: Blaoboxen, Sogndal
Tid: 09.30 – 11.00
Foredraget blir òg streama for dei som ikkje kan møta fysisk, og det blir gjort opptak slik at ein kan sjå det igjen seinare.
Etter foredraget møter du tenesta i Sentrumsparken, saman med Friluftsrådet og DNT. Her tenner me bålpanna og det vert høve til å slå av ein hyggeleg prat og bli betre kjend med oss som jobbar i psykisk helse og rustenesta.
Sogndal bibliotek markerer verdsdagen for psykisk helse med eigne arrangement