Tema for verdensdagen i år er «å styrke den psykiske motstandskrafta vår i ei uroleg tid» – eit dagsaktuelt tema som mange av oss kjenner på i ein travel kvardag prega av krav, sosiale medium og jaget etter å leve opp til forventningar.
Psykisk helse- og rustenesta har gjort nokre erfaringar knytt til årets tema. Folk kjenner gjerne meir på uro og press enn tidlegare, det er ei auke i påmeldinga til stressmeistringskurset som Rask psykisk helsehjelp held saman med Frisklivsentralen Sogn.
Psykisk helseteam og Rask psykisk helsehjelp tilbyr ulike tilnærmingar av behandling i lågterskeltenesta.
- Psykisk helseteam tilbyr støttesamtalar og oppfølging i livskriser og vanskelege situasjonar.
- Rask psykisk helsehjelp tilbyr kortvarige behandlingsmetodar som kurs og assistert sjølvhjelp til ulike psykiske plager.
Begge teama opplever auka interesse for å lære seg verktøy som kan gjere kvardagen enklare.
Foredrag og aktivitetar 14. oktober
For å markera verdensdagen inviterte psykisk helse- og rustenesta i kommunen til foredraget «Balansens kunst» i Blaoboxen på kulturhuset i Sogndal 14. oktober. Foredraget blei streama for dei som ikkje kunne møta fysisk, og det blei gjort opptak slik at du kan sjå det igjen seinare.
Etter foredraget kunne ein møta tenesta i Sentrumsparken, saman med Friluftsrådet og DNT.
Sogndal bibliotek markerer verdsdagen for psykisk helse med eigne arrangement som du finn informasjon om på nettsida til biblioteket.