Saman med dei tilsette i Sogn Næring har Joakim Systaddal, tenesteleiar for samfunns- og næringsutvikling, vore i kontakt med mange enkeltbedrifter og aktørar i kommunen vår.

Dei tek imot innspel frå næringslivet og rågjev bedrifter som er i krise.

- Det gjeld å halda seg oppdatert, følg med på den informasjonen som kjem, ikkje ta dei mest drastiske avgjerdene no, prøv ha litt is i magen, og pass på å ha god dialog med dei du deler utfordringane med, seier Joakim Systaddal.