«Demensvennleg  samfunn» er ei kampanje utarbeida av Nasjonalforeningen for folkehelsen, og er eit samarbeid med norske kommunar og næringslivet. Kampanjen tek sikte på å legge til rette lokalmiljøet sånn at også personar med demens lettare kan delta i vanlege kvardagsaktivitetar. Det er over 140 kommunar med i kampanjen.

I dag lever over 100 000 nordmenn med ein demenssjukdom, og mange av desse bur fortsatt heime. Kampanjen rettar seg ikkje mot dei kommunale helse- og omsorgstenestene, men til alle som kan bidra til ein betre kvardag for personar med demens.

Kampanjen tek sikte på å spreie kunnskap blant tilsette i ulike yrkesgrupper, som for eksempel i butikkar, bankar, apotek, transport osv. Den vil formidle kunnskap om kva demens er, og korleis ein kan gi god service til personar med demens. På den måten kan ein bidra til at det blir lettare å utføre vanlege kvardagsaktivitetar som for eksempel handle, bruke offentleg transport, gå til frisøren, bruke kulturaktivitetar og liknande.

Onsdag 5. februar gjennomførte studentane kurs for dei tilsette ved Lillys frisørsalong. Alle dei tilsette vekk delta på opplæring i korleis ein kan møte personar med demens på ein god og inkluderande måte når dei kjem innom salongen. Kurset hadde særleg fokus på kommunikasjon og korleis ein kan skape gode opplevingar for alle kundar.

Kommunen set stor pris på at lokale, private verksemder bidreg til auka kunnskap om demens. Når fleire i samfunnet får innsikt i korleis sjukdommen kan påverke kvardagen, kan det bli enklare å gi støtte og forståing til dei som treng det. Slik kan fleire som lever med demens kjenne seg trygge og inkluderte i møte med nærmiljøet.

Tidlegare har fleire butikkar på Sogningen, samt Sparebanken Vest gjennomført opplæringa gjennom prosjektet med høgskulen.