Det skal opprettast eit utval for kvar av tenestene.  Kvart brukarutval skal ha medlemmar som er samansett av 6 brukarrepresentantar (2 frå kvar sone/bygd), avdelingsleiar og tenesteleiar / rådgjevar. Kriteria for brukarrepresentant er at du er tenestemottakar (pasient, brukar) eller pårørande.  

Brukarutvala skal sikre system for innhenting av pasient, brukar og pårørande sine erfaringar og synspunkt, og kommunen skal bruke desse erfaringane i sitt forbetringsarbeid og utvikling av tenestene. Medverknad på tenestenivå inneberer eit likeverdig samarbeid mellom representantar for brukarar av tenesta og tenesteytarar. Saker som vedkjem enkeltpersonar, skal ikkje handsamast i brukarutvalet. 

Brukarutval på tenestenivå i kommunen skal vere ein fast og kjent arena for dei enkelte tenesteområda med moglegheit for pasient, brukar og pårørande til å fremje saker. Målet er at utvalet kan bidra til tillit og felles forståing mellom brukarar/pårørande, tilsette og leiing, betre samarbeid om kvalitet og forbetringsarbeid, trivselstiltak, og kva som er viktig for brukarar og pårørande av tenestene. 

Brukarrepresentantane vert valt for ei periode på 2 år med vararepresentantar. 

Brukarutvalet skal ha møte 3 gonger årleg. 

Brukarrepresentantane vert honorert i samsvar med satsar i kommunen sitt reglement for møtegodtgjersle. 

Viss du er brukar, pasient eller pårørande og ønskjer å bidra med dine erfaringar og samarbeide med andre tenestemottakarar, pårørande og tenesteytarar, så håpar vi du melder di interesse for verv i brukarutval for den aktuelle tenesta.  

Ta gjerne kontakt med Hildur Irene Vatlestad på telefon for meir informasjon. 

Vi oppmodar om at du sender e-post til sekretær Hildur Irene Vatlestad der du skriv kort om kven du er og kva for tenesteområde du ønskjer å representere. 

Søknad sendast til Hildur Irene Vatlestad 

mobil: 975 22 035  

Frist for søknad 15.06.24