Kvifor bli med?
Over 90 % av dei som har teke fagbrev gjennom Menn i helse i regionen, er i jobb i dag!
Du får utdanning og praksis - og ein trygg veg inn i helsesektoren.
Økt mangfald - fleire menn i omsorgstenesta gir meir komplett og balansert tenesteyting
 
Visste du at …
  • Menn i helse er eit nasjonalt prosjekt som har rekruttert over 1700 menn til helsesektoren sidan oppstarten i 2010.
  • Prosjektet er ein del av Kompetanseløft 2025, og har vist seg å vere eit av dei mest vellykka tiltaka for å sikre god bemanning i omsorgstenesta.
  • Over 90% av deltakarane er i relevant jobb i dag.
  • Prosjektet omfattar 150 kommuner i 13 fylker.

Samfunnsgevinstar

  • Deltakarane har i snitt 200 000 kroner høgare inntekt tre år etter oppstart samanlikna med kontrollgruppe. Dei fleste kjem seg i arbeid og får ein betydeleg inntektsauke. Etter fullført program mottar dei færraste yting fra Nav.
  • Estimert samfunnsøkonomisk gevinst: 1,1 million kroner per deltakar over sju år.
  • Prosjektet bidreg til betre arbeidsmiljø og utvikling av tenestene.

Inn mot 2026

Behovet for helsepersonell aukar. Prosjektet er styrka med 30,1 millionar kroner på statsbudsjettet for 2026.

Slik kjem du i gang:
Meld deg på infomøte via www.mennihelse.no
Snakk med din Nav-rettleiar om oppstart kull 2026
Spørsmål? Ring Mads Orheim: 93 45 14 67