Kommunestyret i Sogndal skal velja meddommarar til tre ulike utval:

  • Meddommarar til lagmannsretten – 7 kvinner og 7 menn
  • Meddommarar til tingretten – 13 kvinner og 13 menn
  • Meddommarar til jordskifteretten – 6 kvinner og 6 menn

I tillegg skal kommunen fremja forslag til 22 skjønnsmedlemmar som skal veljast av fylkestinget.

Som meddommar spelar du ei viktig rolle i rettssystemet vårt. Meddomarar har same ansvar og mynde som domstolens fagdommar i den enkelte sak. Det er ikkje noko krav til meddommarens faglege bakgrunn, men du må vera fylt 21 år og vera under 70 år, ha stemmerett og vera valbar til kommunestyret. Du må vera norsk eller nordisk statsborgar eller registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra. Det er også eit vilkår at du snakkar og forstår norsk. Vidare vert det stilt krav om lekdommarens lovlydigheit, sjå domstollova § 72.

Nokre yrkesgrupper kan ikkje veljast, det gjeld mellom anna:

  • stortingsrepresentantar og vararepresentantar
  • statsrådar
  • personar frå styresmaktene
  • embetsmenn i dømmande stilling
  • tenestemenn ved påtalemakta, politiet og kriminalomsorgen
  • prestar i statskyrkja og prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn
  • tenestemenn ved Domstoladministrasjonen
  • praktiserande advokatar

På domstol.no finn du ein liten innføring i kva det vil seia å vera meddommar.

For meir informasjon, sjå: https://www.domstol.no/verktoy/juridisk-ordliste/m/meddommer/

Er dette noko du kan tenkja deg? Send ein e-post til postmottak@sogndal.kommune.no innan 28. april 2020.