Før om åra har dei unge MOTivatorane vore rundt i Sogndal med klementinar og anna godt for å spreia glede. I år har dei nominert fem gledesspreiarar som gjennom jobben sin, vervet sitt eller som privatpersonar, er gode til å gje kvardagsglede året rundt. 

Førebels er det ved Kvåle skule og Kaupanger skule me har MOTivatorar, og det er desse som har nominert dei fem kandidatane som no kan røystast på i kåringa «MOT Sogndal sin gledesspreiar 2020». Men alle kan vera med og stemma, uavhengig av kvar i kommunen dei bur. Fleire av dei nominerte er nok kjende fjes for dei fleste. 

Me vonar at me kan få på plass MOT i alle ungdomsskulane i kommunen i 2021. Og me oppmodar alle i heile kommunen om å koma med forslag til kven som bør blir nominerte til kåringa neste år.  

Årets kandidatar er nominerte ut frå MOT sine verdiar, og nokre stikkord som MOTivatorane synest er viktige for å vera ein gledesspreiar: Ein må visa «passion», vera raus, visa interesse, vera målbevisst, vera ungdommeleg, vera moglegheitsfokusert og oppriktig. 

Sjå årets kandidatar her og stem på den du tykkjer fortener tittelen årets gledesspreiar