Denne adventstida har me utfordra innbyggarane på å kjenna att 24 tilfeldig utplukka bedrifter i Sogndal kommune. Kvar dag har me presentera eit hint som kunne leia deg til namnet på ei bedrift.

Første bokstaven i namna på bedriftene, i rekkefølgje frå luke 1-24, danna løysinga - som er noko me jobbar med i Sogndal kommune.

Løysinga var: «Samfunnsutvikling og miljø»
Alle oppgåvene og løysingane på kvar dagsoppgåve finn du i lukene under.

Me takkar alle som deltok og sende inn løysinga innan fristen 1. januar.

Me har trekt ut tre vinnarar:

  1. premie: Drikkeflaske, kaffi og sjokolade: Jonathan Kjørlaug
  2. premie: Kopp, kaffi og sjokolade: Bjørg Aase
  3. premie: Kopp, kaffi og sjokolade: Frode Bøthun

Gratulerer!

Luke 24

Driv passande nok med lyd, lys og konsertarrangement.

Rett svar: Øyre lyd 

Luke 23

Mange ungdommar i Sogndal og omegn er innom her når dei nærmar seg 18-årsdagen.

Rett svar: Joar Solberg trafikkskule

Luke 22

Hjelper private og profesjonelle med byggesøknader.

Rett svar: La-Bim

Luke 21

Held til i det største kjøpesenteret i kommunen og driv også med utleige og verkstad.

Rett svar: Intersport

Luke 20

Lokalisert på eit industriområde og likar godt store maskiner.

Rett svar: Maskinsenteret

Luke 19

Sommaropen serveringsstad midt i ei turistbygd.

Rett svar: Gekkens restaurant

Luke 18

Det nest største selskapet på genetikk for stor aure i Europa med eit anlegg på Hermansverk.

Rett svar: Osland stamfisk 

Luke 17

Har mellom anna utvikla nettsider i over 20 år.

Rett svar: Gasta

Luke 16

Gjertrudbakken, Kalkarteig og Bråtane er stikkord her.

Rett svar: Nordbohus Sogn 

Luke 15

Driv med graving, drenering, steinlegging, betongarbeid og sjølvsagt asfalt i Sogn og Hordaland.

Rett svar:Instefjord asfalt

Luke 14

Overnatting og sognaspa i gåavstand frå sognabåten.

Rett svar: Leikanger fjordhotel

Luke 13

Overnattingsstad i sveitserstil som også har vore nytta under innspeling av musikkvideoar.

Rett svar: Kviknes hotel

Luke 12

Dei vil vera ein møteplass for trening.

Rett svar: Idrettsenteret

Luke 11

Har designa plakatar for Fjellsportfestivalen.

Rett svar: Vidde design

Luke 10

Gap opp for far og son.

Rett svar: Tannlege Bøthun

Luke 9

Tilbyr hytter og camping med kort veg til bratt skikøyring.

Rett svar: Uteplassen

Luke 8

Namnet antyder noko lite, men vareutvalet er mangfaldig i denne butikken, som ligg i ein tidlegare fabrikk.

Rett svar: Små livsgleder

Luke 7

Her sel dei mellom anna hudpleie-, hårpleie- og reingjeringsprodukt.

Rett svar: Normal

Luke 6

Denne bedrifta har vunne prisar for borerobotane sine.

Rett svar: Nlink

Luke 5

Denne verksemda tilbyr elektrisk felås og skitrekk frå MiniMaks.

Rett svar: Uglum maskin

Luke 4

Eit kvitt trehotell ved fjorden, tett på bre og bøker.

Rett svar: Fjærland fjordstove

Luke 3

Denne butikken flytta ein etasje opp for å få plass til blomebutikk på Amfi Sogningen.

Rett svar: Mobit

Luke 2

I denne butikken vest i kommunen sel Ásdis klede og tilbehøyr.

Rett svar: Abby boutique

Luke 1

Hit kjem folk som likar å stå på nedoverski.

Rett svar: Sogndal skisenter