Ordførar Arnstein Menes takka, på vegner av Sogndal kommune, alle som har bidrege til å realisera senteret.

- At ein i vår kommune, og her på Kaupanger, har fått opp dette konseptet på so kort tid er rett og slett imponerande! I denne kommunen fløymer det over av gode initiativ, og fleire og fleire vil vera med på laget. Ved å vera samskapande, opne, gode og nysgjerrige har ein lukkast i å skapa noko unikt her me står i dag, sa han i helsingstalen.

Ein flott møteplass

Menes kunne slå fast at innbyggjarane på Kaupanger og elles i Sogndal og Sogn får ein flott møteplass. Og ordføraren gleda seg til å testa attraksjonane.

- Eg er spent, det kriblar etter å utforska noko nytt, sa han og såg fram til å få møta fylkesordføraren i natt-test, ei utfordring mange vil kjenna att frå Mesternes mester på TV.

Torsdag var det inviterte gjester som fekk boltra seg på det nye vitensenteret, fredag opnar det for vanlege gjester.

Inspirera barn og vaksne

Vitensenteret på Kaupanger skal inspirera barn og vaksne til å utforska og søka ny kunnskap, og samarbeider med skuleverket om å utvikla kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida.

Senteret vert samlokalisert med nasjonal linje for transport og logistikk ved Sogndal vidaregåande skule.

ViteMeir er eigd av Vestland Fylkeskommune (33,3 prosent), Sogndal kommune (18,3 prosent), Kaupanger Næringsforening (9,80 prosent), Stiftinga Vestlandsforsking (7,5 prosent), Sogn Næring AS (6,5 prosent), Luster kommune (5,6 prosent), Vik kommune (3,9 prosent), Lærdal kommune (3,6 prosent), Nito - Norges Ingeniør- og Teknologiorganisasjon (3,3 prosent), Høgskulen på Vestlandet (3,3 prosent), Kinn kommune (3,3 prosent) og Sunnfjord kommune (1,6 prosent).