Balestrand
Kl. 09:30: 17. mai-tog frå Dragsvik til Tjugum kyrkje
Kl. 10:00: Familiegudsteneste i Tjugum kyrkje
Kl. 11:45: 17. mai-tog frå Holmen til Balahaugen (Oppmøte 11:30 for dei som skal gå i toget)
Kl. 12:00: Program på Balahaugen. Tale ved Freddy Eithun Af Geijerstam og russepresident Julian Hallan Hulst. Song av Balestrand Songlag og Korehuset.
Toget går vidare til Sagatun skule opp Balavegen og Kreklingevegen til Belehalli.
I hallen vert det underhalding, uteleik og sal av mat.
Ca. 12:30: Utdeling av blome på helsetunet frå kommunen med song av Balestrand Songlag.
Kl. 14:30: Fotballkamp mellom 10. klasse og Sygnarusseen
Kl. 17:00: 17.mai-fest på Bedehuset
Leikanger
kl 08.00 Leikanger musikklag spelar på fjorden
kl 10.00 Kransenedlegging og minneord ved Espen Sæterbø ved kyrkja. Leikanger Musikklag spelar, flaggborg ved speidarane.
kl 10.15 Festgudsteneste ved Kathrine Valle
Speidararane tek del
kl 11.15 Barne- og folketog
Oppstilling på sjøsida av Tinghuset
Toget går til Leikanger sjukeheim
kl 11.50 Markering av dagen ved sjukeheimen
Me syng nasjonalsongen akkompagnert av Leikanger skulemusikk
Blomehelsing frå kommunen
Systrond damekor syng på sjukeheimen etter markeringa
kl 12.45
17. mai-fest for heile bygda på Leikanger Barneskule.
Musikalske innslag ved Leikanger Musikklag, Leikanger skulemusikk, Leikanger mannskor, og andre lokale kulturelle innslag.
Tale for dagen ved Marius Nord Melås.
Leikar, konkurransar og loddsal.
Sal av kaker, kaffi, is, brus, hamburgar og pølser.
kl 15.00 Festen sluttar
Vel heim!
Alle lag og organisasjonar vert oppmoda om å stille med fane/flagg i toget. Vi vonar flest mogleg deltek i toget og bidreg til feststemning! Det blir ikkje høve til å køyre opp til skuleområdet 17. mai utanom etter særskilt løyve.
Arr: 17.mai-komiteen i Leikanger 2026 og 8. klasse ved Leikanger ungdomsskule med foreldre
Ja, vi elsker dette landet
Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem,
furet værbitt over vannet, med de tusen hjem
— elsker, elsker det og tenker på vår far og mor
og den saganatt som senker drømmer på vår jord!
Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud!
Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut.
Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett,
har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett!
Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem,
furet værbitt over vannet, med de tusen hjem!
Og som fedres kamp har hevet det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet, for dets fred slår leir.
Gud signe vårt dyre fedreland
Gud signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma!
Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja!
No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signa då Gud det gode såd
til groren ein gong er mogen!
No livnar det i lundar
No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.
Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord,
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.
Då me med vigsla tunga,
med kjærleik heil og klår
alt utan brest og sprunga
skal lova Herren vår.
Fagert er landet
Fager er landet du oss gav.
Herre, vår Gud og vår Fader.
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader.
Signar vårt land i nord og sud,
såleis di åsyn lyser Gud,
over vårt Noreg i nåde!
Tidi ho renn som elv mot os,
fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
radt til dei seinaste ætter!
Herre vår Gud, vårt Noregs Gud,
varda vårt land frå fjell til flud,
lær oss å gå dine vegar!
Signa då Gud, vårt folk og land,
signa vårt strev og vår møda,
signa kvar ærleg arbeidshand,
signa vår åker med grøda!
Gud, utan deg den vesle urt
veiknar og visnar,
bleiknar burt,
ver du oss ljoset og livet.
Kaupanger
Morgonprogram
08.00 Salutt v/ Einar Dalaker
08.00 Flaggheis ved speidarane, Kaupanger skule
09.45 Kaupanger skule- og ungdomskorps marsjerer frå ferjekaien til kyrkja
10.15 Festgudsteneste v/ Vegard Bondevik Lie
Folketoget kl. 12.00
Folketoget startar frå Europris.
Rute: Kaupangersenteret – Furuvegen – Konvallvegen – Furuli – Skuleplassen
Program på Kaupanger skule – ca. kl. 13.00–14.00
- Toget stiller opp på bana
- Me syng med når korpset spelar «Ja, vi elsker dette landet»
- Toget går og set seg, medan korpset spelar vidare
- Musikalsk innslag frå 6. klasse ved Kaupanger skule
- Musikalsk innslag frå Krudlalaget
- Leikebodane opnar etter dette innslaget
- Tale frå 10. klasse, ved Trym Nybø og Jenni Nes Skrede
- Kaupanger idrettslag drill opptrer
- Tale frå leiaren i 17. mai-komiteen, Lene Hayden Taraldsen
- Loddtrekking
- Tautrekking
Mat og aktivitetar
- Sal av is, brus, kaffi, kaker og pølser
- Leikar for borna
Betaling: Vipps, kort eller kontant
Vel møtt til ei høgtideleg og kjekk feiring!
Gratulera med dagen!
Ja, vi elsker
Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Elsker, elsker det og tenker
På vår far og mor
Og den saganatt som senker
drømmer på vår jord.
Norske mann i hus og hytte,
takk din store Gud!
Landet ville han beskytte,
skjønt det mørkt så ut.
Alt hva fedrene har kjempet,
mødrene har grett,
har den Herre stille lempet
så vi vant vår rett.
Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Og som fedres kamp har hevet
det av nød og seir,
også vi, når det blir krevet,
for dets fred slår leir.
Norane
11:30:
Toget går frå Staai til Norane oppvekstsenter. Stoppar ved minnesteinen på Store-Kleivi for blomenedlegging.
12:15:
Program ved Norane oppvekstsenter:
- Velkommen ved 7.klasse
- Allsong «Ja vi elsker dette landet»
- Tale for dagen ved Rune Haug
- Allsong «Fagert er landet»
- Song av born ved Norane oppvekstsenter
Kiosken vil vera open under heile arrangementet.
Oppmodar om å vise hensyn når programmet på scena startar.
Det blir leikar for borna på bana når programmet er ferdig.
NB: Kun Vipps og kort i kiosken.
Fjordane
kl 9.30 Tog frå Dragsvik til kyrkja
kl 10.00 Gudsteneste i Tjugum kyrkje
Frå kl 12.00 servering av rømmegraut og kiosk på Fjordtun
kl 14.00 Program - allsong, innslag frå Fjordljos 4H, musikkskulen og Balestrand Songlag. Tale for dagen ved Lin Åm. Omlag
kl 15 leikar og natursti
Fjordljos 4H vil ha loddsal til inntekt for gamma i Trolløyane.
