Melding er sendt direkte til råka abonnentar.
Den 4. juni vart det påvist bakteriar (intestinale enterokokkar) i ei rutineprøve av drikkevatnet. Kommunen innførte difor kokevarsel for områda Kringla, Leite (frå Kjeldeteigen til Nes, inkludert Navarsete); Kvåle og Fosshaugane.
Sogndal kommune har gjennomført analysar og tiltak i anlegget, og vurderer at ein med stort sannsyn har funne årsaka til dei tidlegare prøveresultata. Oppfølgingsprøvar viser no ingen indikasjon på påviste bakteriar, og at drikkevatnet i område tilfredsstiller krav til kvalitet og er trygt å bruke som normalt.
Kommunen takkar alle råka abonnentar for at ein har følgt tilrådinga og vist forståing for situasjonen.
