Balestrand

Kl. 09:30: 17. mai-tog frå Dragsvik til Tjugum kyrkje 

Kl. 10:00: Familiegudsteneste i Tjugum kyrkje 

Kl. 11:45: 17. mai-tog frå Holmen til Balahaugen (Oppmøte 11:30 for dei som skal gå i toget) 

Kl. 12:00: Program på Balahaugen. Tale ved Freddy Eithun Af Geijerstam og russepresident Julian Hallan Hulst. Song av Balestrand Songlag og Korehuset. 

Toget går vidare til Sagatun skule opp Balavegen og Kreklingevegen til Belehalli. 

I hallen vert det underhalding, uteleik og sal av mat. 

Ca. 12:30: Utdeling av blome på helsetunet frå kommunen med song av Balestrand Songlag. 

Kl. 14:30: Fotballkamp mellom 10. klasse og Sygnarusseen

Kl. 14:00-17:00 17.mai-buffé på Kvikne 

Kl. 17:00: 17.mai-fest på Bedehuset 

17. mai-program for Balestrand (pdf)

Leikanger

kl 08.00 Leikanger musikklag spelar på fjorden  

kl 10.00 Kransenedlegging og minneord ved Espen Sæterbø ved kyrkja. Leikanger Musikklag spelar, flaggborg ved speidarane. 

kl 10.15 Festgudsteneste ved Kathrine Valle 
Speidararane tek del 

kl 11.15 Barne- og folketog  

Oppstilling på sjøsida av Tinghuset 
Toget går til  Leikanger sjukeheim  

kl 11.50 Markering av dagen ved sjukeheimen  
Me syng nasjonalsongen akkompagnert av Leikanger skulemusikk 

Blomehelsing frå kommunen 
Systrond damekor syng på sjukeheimen etter markeringa 

kl 12.45   

17. mai-fest for heile bygda på Leikanger Barneskule. 
Musikalske innslag ved Leikanger Musikklag, Leikanger skulemusikk, Leikanger mannskor, og andre lokale kulturelle innslag.  

Tale for dagen ved Marius Nord Melås. 
Leikar, konkurransar og loddsal. 
Sal av kaker, kaffi, is, brus, hamburgar og pølser. 

kl 15.00 Festen sluttar 

Vel heim!  

Alle lag og organisasjonar vert oppmoda om å stille med fane/flagg i toget. Vi vonar flest mogleg deltek i toget og bidreg til feststemning!  Det blir ikkje høve til å køyre opp til skuleområdet 17. mai utanom etter særskilt  løyve. 

Arr: 17.mai-komiteen i Leikanger 2026 og 8. klasse ved Leikanger ungdomsskule med foreldre  

Ja, vi elsker dette landet  

Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem, 
furet værbitt over vannet, med de tusen hjem 

—  elsker, elsker det og tenker på vår far og mor  
og den saganatt som senker drømmer på vår jord!  

Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud! 
Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut.  
Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett, 
har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett!  

Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem, 
furet værbitt over vannet, med de tusen hjem!  
Og som fedres kamp har hevet det av nød til seir, 
også vi, når det blir krevet, for dets fred slår leir.  

​​Gud signe vårt dyre fedreland​ 

Gud signe vårt dyre fedreland 
og lat det som hagen bløma! 
Lat lysa din fred frå fjell til strand  

og vetter for vårsol røma! 
Lat folket som brøder saman bu, 
som kristne det kan seg søma!  

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja. 
Vil Gud ikkje verja by og land,  
kan vaktmann oss ikkje tryggja.  
Så vakta oss, Gud, så me kan bu  
i heimen med fred og hyggja!  

No er det i Noreg atter dag 
med vårsol og song i skogen. 
Om sædet enn gror på ymist lag,  
det brydder då etter plogen. 
Så signa då Gud det gode såd 
til groren ein gong er mogen!  

No livnar det i lundar  

No livnar det i lundar, 
no lauvast det i li, 
den heile skapning stundar 
no fram til sumars tid.  

Det er vel fagre stunder  
når våren kjem her nord,  
og atter som eit under  
nytt liv av daude gror.  

Då me med vigsla tunga,  ​​
med kjærleik heil og klår ​ 
alt utan brest og sprunga  
skal lova Herren vår.  

Fagert er landet  

Fager er landet du oss gav.  
Herre, vår Gud og vår Fader.  
Fagert det stig av blåe hav,  
soli ho sprett og ho glader.  
Signar vårt land i nord og sud,  
såleis di åsyn lyser Gud, 
over vårt Noreg i nåde!  

Tidi ho renn som elv mot os,  
fort skifter sumar med vetter.  
Fader, ver alltid Noregs los 
radt til dei seinaste ætter!  
Herre vår Gud, vårt Noregs Gud,  
varda vårt land frå fjell til flud,  
lær oss å gå dine vegar!  

Signa då Gud, vårt folk og land,  
signa vårt strev og vår møda,  
signa kvar ærleg arbeidshand,  
signa vår åker med grøda! 
Gud, utan deg den vesle urt  
veiknar og visnar,  
bleiknar burt,  
ver du oss ljoset og livet. 

Fjærland

08.00 Fanfare og flaggheising 
Direktesending på film.fjerland.no 

12.00 Kransenedlegging på kyrkjegarden 

Folketoget startar  
Rute: Kyrkjeporten – Labergneset – busentreret – skulen 

Skuleplassen 

12.45  Kiosken opnar 

Sal av rømmegraut, pølser, is, brus, kaker og kaffi  

14.00 Festprogram i gymsalen 

  • Ord for dagen ved Amanda og Olve 

  • Allsong: Gud signe vårt dyre fedreland  

  • Gåveutdeling frå bygdautvalet  

  • Tale for dagen ved Maryan G. Mundal 

  • Allsong : Ja, vil elsker dette landet 

14.45 Leikar for store og små  

Kl. 20.00 Folkefest på Bygdahuset

Dørane opnast 19.30 

  • Allsong 

  • Tale ved Hanne Haugen 

  • Bordvers 

  • Matøkt. Betasuppe, kaffi og dessert 

  • Kammerkoret 

  • Quiz 

  • Dans 

Inngang:  

Barnehageborn: Gratis 
Born (1.-10.trinn): kr 50,- 
Vaksne: kr 150,- 

Betaling: Vipps, kort og kontant 

Alle er velkomne! 

Kaupanger

Morgonprogram 

08.00  Salutt v/ Einar Dalaker 

08.00  Flaggheis ved speidarane, Kaupanger skule 

09.45  Kaupanger skule- og ungdomskorps marsjerer frå ferjekaien til kyrkja 

10.15  Festgudsteneste v/ Vegard Bondevik Lie 

Folketoget kl. 12.00 

Folketoget startar frå Europris. 

Rute: Kaupangersenteret – Furuvegen – Konvallvegen – Furuli – Skuleplassen 

Program på Kaupanger skule – ca. kl. 13.00–14.00 

  • Toget stiller opp på bana 
  • Me syng med når korpset spelar «Ja, vi elsker dette landet» 
  • Toget går og set seg, medan korpset spelar vidare 
  • Musikalsk innslag frå 6. klasse ved Kaupanger skule 
  • Musikalsk innslag frå Krudlalaget 
  • Leikebodane opnar etter dette innslaget 
  • Tale frå 10. klasse, ved Trym Nybø og Jenni Nes Skrede 
  • Kaupanger idrettslag drill opptrer 
  • Tale frå leiaren i 17. mai-komiteen, Lene Hayden Taraldsen 
  • Loddtrekking 
  • Tautrekking 

Mat og aktivitetar 

  • Sal av is, brus, kaffi, kaker og pølser 
  • Leikar for borna 

Betaling: Vipps, kort eller kontant 

Vel møtt til ei høgtideleg og kjekk feiring! 

Gratulera med dagen!

Ja, vi elsker 

Ja, vi elsker dette landet, 
som det stiger frem, 
furet, værbitt over vannet, 
med de tusen hjem. 
Elsker, elsker det og tenker 
På vår far og mor 
Og den saganatt som senker 
drømmer på vår jord. 

Norske mann i hus og hytte, 
takk din store Gud! 
Landet ville han beskytte, 
skjønt det mørkt så ut. 
Alt hva fedrene har kjempet, 
mødrene har grett, 
har den Herre stille lempet 
så vi vant vår rett. 

Ja, vi elsker dette landet, 
som det stiger frem, 
furet, værbitt over vannet, 
med de tusen hjem. 
Og som fedres kamp har hevet 
det av nød og seir, 
også vi, når det blir krevet, 
for dets fred slår leir. 

Norane

 

11:30:  

Toget går frå Staai til Norane oppvekstsenter. Stoppar ved minnesteinen på Store-Kleivi for blomenedlegging. 

12:15:  

Program ved Norane oppvekstsenter: 

  • Velkommen ved 7.klasse 
  • Allsong «Ja vi elsker dette landet» 
  • Tale for dagen ved Rune Haug
  • Allsong  «Fagert er landet» 
  • Song av born ved Norane oppvekstsenter 

Kiosken vil vera open under heile arrangementet. 

Oppmodar om å vise hensyn når programmet på scena startar. 

Det blir leikar for borna på bana når programmet er ferdig.                                    

NB: Kun Vipps og kort i kiosken. 

Fjordane

kl 9.30 Tog frå Dragsvik til kyrkja  

kl 10.00 Gudsteneste i Tjugum kyrkje  

Frå kl 12.00 servering av rømmegraut og kiosk på Fjordtun  

kl 14.00 Program - allsong, innslag frå Fjordljos 4H, musikkskulen og Balestrand Songlag. Tale for dagen ved Lin Åm. Omlag  

kl 15 leikar og natursti  

Fjordljos 4H vil ha loddsal til inntekt for gamma i Trolløyane.

Sogndal

07:00 Salutt 

08:15 Blomenedlegging Loftesnes, ved ordførar Stig Ove Ølmheim 

08:45 Blomenedlegging ved minnesteinen på Lægreidsplassen, ved Rune Timberlid 

09:30 Festgudsteneste i Stedje kyrkje 

10:15 Blomenedlegging ved bautastein på Stedje, ved Jorunn Merete Haukås-Eide  

10:15 Oppstilling barnetog. OBS ny oppstillingsplass: Sjøkanten 

10:45 Avgang barnetog. Rute: Stedjevegen, Dalavegen, SHOS (stopp, Musikklaget spelar), Skulevegen, Leighgota, Gravensteinsgata, rundkøyringa ved Hofslund Hotell, Fjørevegen, høgre ved Meieriet, Parkvegen, endestopp Sentrumsparken 

11:00 Kiosksal startar i Sentrumsparken 

11:30 Program startar i Sentrumsparken. Kor, korps og talar ved Aurora Eggum Tallerås 10. klasse Kvåle skule, og ved ordførar Stig Ove Ølmheim. Kiosksal og leikar for store og små. 

14:30 Oppstilling folketog: Parkvegen/sentrumsparken 

15:00 Avgang folketog. Rute: Parkvegen, Ålkrysset, Gravensteinsgata, rundkøyring Billaget, Dalavegen, SHOS (stopp, Musikklaget spelar), Skulevegen, Leighgota, Gravensteinsgata, rundkøyringa ved Hofslund Hotell, Fjørevegen, høgre ved Meieriet, Parkvegen, endestopp Sentrumsparken.  

16:00 Program i Sentrumsparken. Musikk- og kulturinnslag frå scena, ord for dagen ved Astrid Bondevik, talar ved Tone Bakke, ungdomsrådsleiar Trym Nybø, russepresidentane Kristina Holen og Benjamin Christensen. Kiosk og leikar for store og små. 

Ja, vi elsker dette landet  

Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem, 
furet værbitt over vannet, med de tusen hjem 
Elsker, elsker det og tenker på vår far og mor  
og den saganatt som senker drømmer på vår jord!  

Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud! 
Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut.  
Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett, 
har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett!  

Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem, 
furet værbitt over vannet, med de tusen hjem!  
Og som fedres kamp har hevet det av nød til seir, 
også vi, når det blir krevet, for dets fred slår leir.  

Fagert er landet

Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!

Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,

signar vårt land i nord og sud; 
soleis di åsyn lyser, Gud,

over vårt Noreg i nåde.

Tidi ho renn som elv mot os,
fort skifter sumar med vetter.

Fader, ver alltid Noregs los
radt til dei seinaste ætter!
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud,
varda vårt land frå fjell til flud,

lær oss å gå dine vegar!
 
Signa då Gud vårt folk og land,
signa vårt strev og vår møde,

signa kvar ærlig arbeidshand,
signa vår åker med grøde!

Gud utan deg den vesle urt,
veiknar og visnar, bleiknar bort,

ver du oss ljoset og livet!